Bokmelding av ’’Kaninbyen’’ av Arild Rein
Om forfattaren: Arild Rein vart født i 1960 i Stavanger. Den første romanen hans ”Hundedagane” kom ut i 1998. Han var første bindet i Rein si Stavangertrilogi som òg består av ”Grisekoret” (2001) og ”Kaninbyen” (2004)
Stilen til Rein kjenneteknes som ein sosialrealistisk, hardkokt stil. Han skildrar Stavanger frå 1970-årane fram til 2004, perioden då oljeindustrien forandra både Stavanger og Noreg, og set ljos på ulike trekk med både det norske samfunnet og det moderne mennesket.
I 2001 mottok Rein Rogaland Fylkeskommune sit litteraturstipend. Han mottok òg Sigmund Skard-stipendet i 2005, og vart kåra til Stavangers kulturhovudstads forfattar for innbyggjarane til byen for ’’Kaninbyen.’’
Om boka: Boka handlar om den tidlegare politimannen Jonny Roxmann. Det har gått dårleg med Jonny etter at han mista jobben. Har bryr seg ikkje spesielt mykje om noko eller nokre lengjer. Han har vorte småkriminell og no ynskjer han å tene nokre enkle kroner på å selje bakte poteter på Gladmatfestivalen. Ein kveld han er ute møte han på thailandske Kim, som han raskt får sansen for. Det viser seg likevel at situasjonen er litt forskjellig enn kva Jonny forstilte seg.
Kriteria mine for ein god roman: For meg er det fleire krav som må vere oppfylt for at det skal vere ein god roman. Eg set ein del krav til språket, det er viktig at det er eit godt språk. Viss det er eit dårleg språk følar eg at det er vanskeleg å kunne ta historia seriøst. Ein annan ting som er viktig er at det er ei spennande historie som det går an å leve seg inn i. Det er òg viktig med ein skikkeleg personskildring, elles kan det vere vanskeleg å forstå handlingane deira.
Kvifor eg ikkje likar ’’Kaninbyen:’’ Det er fleire grunner til at eg ikkje likar denne boka, med omsyn til dei punkta eg nemnde ovanfor. Eg likar ikkje språket i boka, det er veldig mykje banning og grovt språk og dette er ikkje noko eg set pris på når eg skal lese ei bok. Det er vanskeleg for meg å føle at det er ei seriøs historie med så mykje banning. Det er heller ikkje ei spennande historie for meg. Det skjer ikkje noko spesielt i historia som fangar merksemda mi. Det punktet som det blir bygd opp mot, blir det gjort for lite ut av for meg. Det går for mykje i dei same tinga om og om att. Det er inga utvikling av personlegdomane til hovudpersonane. Ein positiv ting skal det seiast er at det er ei god skildring av hovudpersonen. Det vart gjeve ein relativ nøyaktig skildring av korleis han såg ut og vi fekk vita kva han følte og tenkte. Det manglar likevel ein del på skildringa av dei andre personane. Det er berre ein standard personskildring. Vi får vita litt om korleis dei ser ut, men ikkje kva dei tenkjer og følar.
Alt i alt synest eg ikkje det var ein spesielt god bok, men han kan kanskje passe for personar som ikkje har noko imot eit grovt språk og som synest det er kjekt å lese ”dagliglivsbøker” d.v.s. bøkar som skildrar det daglege livet på ein faktisk måte.
Meld av: Eivind Fosse Ruud 1STA
Kjelder:
Samlaget.no (2011) Arild Rein lokalisert: 11.4.11 URL: http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/R/Arild-Rein.aspx
Kjelder:
Samlaget.no (2011) Arild Rein lokalisert: 11.4.11 URL: http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/R/Arild-Rein.aspx
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar